Den klassiske musikken har ein tendens til å bli gløymt hos dei under 50. Den blir stempla som keisam og langdryg, men dette er ikkje sant! Under årets festival kan du oppleve mykje spennande musikk og her er nokre anbefalingar for alle og ein kvar, og sjølvsagt litt om mine favorittar!
Julianne Kyoo-Ree Eikrem
Julianne er ei 24 år ung og livsjaande kvinne. Ho er pensjonert pianist (førtidspensjonist vel og merke), utdanna ved NTNU Institutt for musikk og har eit spesielt hjarte for musikken etter 1900! Samstundes med jobb i Oslo Kammermusikkfestival, studerer ho statsvitskap og drøymer om å skrive, grave og oppleve alt livet har å by på.
For den som dansar vidare i livet
Tysdag 19. august kl. 19.00 får festivalen storfint besøk av dansar og koreograf Melissa Hough som skal setje musikken i rørsle. Samstundes skal Ssens stryketrio framføre Bach sine legendariske Goldberg-variasjonar.
Sjølv for ein som skygga barokken i si eiga storheitstid (les: før pensjonsalderen min), er det eit utruleg fint og flott verk. Eg les mykje til denne musikken, så den er veldig rein og enkel. Då er det heilt perfekt at Melissa Hough kjem for å bidra. (Spesielt for ein som meg som har ein tendens til å dette av på midten:)
Ryktene seier (historiebøkene altså) at verket er skrive for å fylle nettene til ein søvnlaus adelsmann med fin musikk.
Det heile føregår i Bøler Kyrkje, som set stemninga for ein flott konsert du ikkje bør gå glipp av om du likar at det skjer fleire ting samstundes.
For deg som ønsker å bli motbevist
Er du av slaget som tenkjer at all klassisk musikk høyrest likt ut? Då bør du ta turen til Gamle Aker kyrkje fredag 22. august. Konserten Fra Pärt til Bach presenterer blant anna eit av Bachs mest berømte verk, nemleg den første cellosuita hans i G-dur. Preludiet er brukt mykje i film og TV og er nærmast obligatorisk i filmar som inkluderer ein cellist!
Vidare kan du høyre tre verk av den estiske komponisten Arvo Pärt. I motsetnad til Barokkens Gud er han framleis i live (ja, dei finst faktisk!) og har skrive ein heilt annan musikk.
Pärt sin musikk er minimalistisk og inneheld mykje repetisjon og lite musikalsk «materiale» om ein kan seie det. Nokon vil kjenne igjen hans Spiegel im Spiegel, som er ein av mine favorittar å høyre på når eg reiser med toget og treng litt ro.
Denne konserten byr på eit spenn i musikkhistoria, så viss du synest det er vanskeleg å skilje epokene, bør du absolutt ta turen hit.
For deg som er bekymra for dagens verdssituasjon
Om du er ein av dei som synest det er vanskeleg å plassere kunsten på dagsordenen og blir stressa av den urolege verdssituasjonen, bør du setje av laurdagskvelden 23. august frå kl. 21.00
Silent songs – Musikk frå Ukraina presenterer musikk av den ukrainske komponisten Valentin Silvestrov, som undertegnede både har møtt og spelt for (viktig å skryte litt òg:).
Silvestrov var ein av dei mest framtredande komponistane i Ukraina og Sovjetunionen på 70-talet og albumet Silent Songs er eit av dei mest kjente verka han har komponert.
Ikkje nok med det, vi får meir storfint besøk! Journalist og mangeårig Russland-korrespondent Morten Jentoft kjem for å innleie konserten og skal reflektere over temaet og musikken.
Dette er altså perfekt for ein statsvetarmusikar som meg, men òg kanskje for ein nysgjerrig konsertgåar som deg?
For deg som lever på studentstipend
Manglar du deltidsjobb og slit med høge leigeprisar i Oslo? Grin ikkje, vi i Oslo Kammermusikkfestival ønsker at alle skal få oppleve kor flott levande musikk er og kor mykje glede han gir til publikum.
Derfor inviterer vi til gratiskonsert på Karl Johan. På fredag 22. august blir Musikkpaviljongen i Spikersuppa fylt med eit heilt kammerorkester frå Foss vidaregåande skule – med solistar!
Gå deg ein tur til Musikkpaviljongen klokka 12.00 og høyr flotte tonar spreie seg utover Oslo.