Hallgrim Hansegård - danser

Hallgrim Hansegård
Hallgrim Hansegård (f. 1980) er ein norsk koreograf, dansar og gründer kjent for modige og leikne prosjekt på tvers av fysiske, mentale og kulturelle grenser.

Han har gjort den relativt ukjente, lokale dansetradisjonen halling dagsaktuell gjennom verdsomspennande dataspel og tv-program.
Verka hans er framført i meir enn 30 land, sensurert av den katolske kyrkja i Italia og sett av meir enn 100 mill på YouTube.
I 2006 etablerte han FRIKAR, eit dansekompani som skapte nye moglegheiter og arbeid for dansarar innan halling, break dance, capoeira og nysirkus. I 2012 etablerte han Frikar-Akademiet AS som organiserer den pedagogiske verksemda til FRIKAR.

Hansegård grunnla i 1999 Fjelleik-prosjektet ved Valdres vgs som framleis er eit viktig spenningsalternativ til det høge forbruket av narkotika i regionen. I 2016 starta han opp Toppidrett FRIKAR ved same skule. I 2017 starta han talentutviklingsprogrammet FRIKAR X i samarbeid med Talent Norge som fylgjer ti profesjonelle og semi profesjonelle sjangeruavhengige dansekunstnarar i tre år.

Hansegård har også engasjert seg for flyktingar og mot rasisme gjennom kunstprosjekt og kronikkar i Aftenposten.